Blasfemi

Problemstilling: Korleis rolle har media i det fleirkulturelle samfunnet/ein globalisert verden, med omsyn til blasfemi?

Uttrykket blasfemi (frå gresk blasphemein) er ein måte å uttale seg på, ”å snakke stygt om” eller å krenke det nokre ser på som heilagt (Wikipedia: Blasfemi). Det er prestane og dei lærde som gjennom tidene har gjort sitt yttarste for å sette ein stoppar for blasfemien, dei ynskte å beskytte seg mot alle formar for hån og spott. Kampen gjekk også ut på å beskytte heilage personar, profetar og liknande, ved å setje ein stoppar for avbilding. Dette vart gjort for å halde visse ting heilagt og ikkje krenke heilage namn. (Asbjørnsen m.fl. 2007, s.92)

I Islam er nemleg dette eit problem, det er verken lov å lage eller vise bilete av profeten Muhammed. Denne lova er til for at ikkje profeten skulle bli ein gjenstand for dyrking. Ei avbilding av profeten vert sett på som krenkjande og er plassert på same nivå som det å krenkje namnet hans. Dette blir sett på som blasfemi i Islamsk tru. (Absjørnsen m.fl.2007,s.92) Om noko er blasfemisk vil derfor være avhengig av religionens livssyn. Stridighetene om Muhammed-karikaturene i Jyllands-Posten begynte 30. september 2005 da den danske avisen Jyllands-Posten offentliggjorde tolv karikaturtegninger av den islamske profeten Muhammed. Det førte til voldsom debatt om ytringsfrihet og blasfemi og på nyåret 2006 til store konflikter mellom vestlige land og den muslimske verden. (Wikipedia: Karikaturene). Montep (Wikipedia: Blasfemi).

I Noreg er blasfemi straffbart og er sett på som meir enn hån av gud, loven forbyr ein å vise gudsdyrking eller krenking av guds namn. Blasfemi anklager kan derfor brukast til å avgrense mange former for regionskritikk, spesielt satire. Påtale finner imidlertid bare sted «når allmenne omsyn krevjar det», og § 142. I Noreg har media ei viktig oppgåve med å sile ut den informasjon som absolutt ikkje skal komme på trykk. Media må fylgje Ver Varsam Plakaten, og der står det svart på kvitt i  § 1.3 at pressen skal verne om ytringsfridomen, trykkefridomen og offentligheitsprinsippet. Media har ei oppgåve med å passe på kommentarfelta, at personar ikkje vert krenka.  Den britiske filmen ”life og bryan” av Monty Python blei stoppa i Noreg  av statens filmkontroll pga scene med blasfemi. Det blei sagt i Sverige at filmen var så morosam at den var forbode i Noreg. Nokre år seinare vart den lovleg, med sensur og aldersgrense på 18-år, med ein ekstra fortekst som forklarte at Brian ikkje var Gud. (Wikipedia: monty Python).

I straffelovens § 142Å sei kva ein meinar utan å verke nedlatande overfor andre er og skal være er ein menneskerett. Om ein utfører krenkjande handlingar, kan dette bli sett på som blasfemi, og er straffbart. I forskjellige U-land kan ein høyre om folk som vert dømde til døden grunnast beskuldingar for blasfemi. Dette kan være eit problem over landegrensene, sidan kvar kultur har forskjellige verdiar. Kan du no forstå kvifor nokre reisebyrå frårådar deg å reise til nokre land?

Sjølv om mange former for uttalar verkar krenkjande, kan ikkje alt kallast blasfemi. Den retten til å seie kva ein meinar er ein av dei viktigaste rettane i universet. Voltair uttalte ein gong: ”Jeg er uenig i hva du sier, men vil kjempe til døden for din rett til å si det”. (Absjørnsen m.fl.2007,s.81). Om ein let dei orda surre litt rundt opp i hovudet, kan eg fort sjå litt skeivt på måten ein kan bli straffa på. Det er tross alt veldig fort å sei noko ein ikkje meinte, at sjølve orda vert presentert på feil måte. Å da e det gjort, kanskje vert livet ditt slutta i ei steinrøys. Sjølv har eg eit håp om at det finst fleire som Voltair der ute. ”Jeg er uenig i hva du sier, men vil kjempe til døden for din rett til å si det”.

KJELDE:

#Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

#02.02.10 : http://no.wikipedia.org/wiki/Blasfemi

#Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

#02.02.10

http://no.wikipedia.org/wiki/Monty_Python

#Fra Wikipedia, den frie encyklopedi

02.02.10

http://no.wikipedia.org/wiki/Muhammedkarikaturene_i_Jyllands-Posten

(Absjørnsen m.fl.2007,s.81 og 92).

Published in: on February 2, 2010 at 12:27 pm  Leave a Comment  

Pause frå kvardagen

Torsdag 15.01.10 var kofferten pakka, flybillett til Flesland,Bergen var anskaffa. Det var snakk om nokre timar igjen, så var eg på veg vekk fra kaoset heime i Sogndal. Eg hadde allereie fått lekse for fleire månadar (verka da so), så kan ikkje skryte på meg at alt var under kontroll fredagen. Berre nokre timar før flyet til Bergen kom eg på at eg ikkje hadde ordna meg skyss opp på Haukåsen. Redningen var ein tlf unna. No var eg endeleg klar for å forlate alt!

Flyet gjekk vidare til Las Palmas lørdags morgonen, og eg var endeleg på plass lørdags ettermiddag.

Mobilen var som regel avslått, for no skulle denna jenta ha ferie. Nokre skule bøker var med, så litt lesing på solsenga, det vart det. Fakta fan!

Eg skulle da prøve å blogge kvar dag, slik at eg hadde litt arbeid i media faget også, men sidan eg ville være mest mogleg umobil, vart ikkje datamaskina rørt.

Men kort, fort og gale. Turen var fantastisk. For ein gang skuld var det ikkje berre solsenga og late dagar som freista. Det vart klatring, fjelltur, biltur og båttur. Så måtte skåfte nokre dagar i sola, til fordel for litt kulturelle opplevelsar.

Det gjore seg verkeleg å komme seg vekk fra kvardagen, det gjore godt! No er det diverre tilbake til kvardagen, menmen. Turen var uansett flotters, og eit nydeleg minne!

Noko spessielt media bassert var ikkje så lett å skrive om, men eg kan trekke fram kor hysterisk tv-selskapa var då eg var i Hellas denne sommaren. Det skjedde ei ulykke ved bassenget der me budde, og før ambulansen var komt fram, var allerede media der til å dekkje heile saka. Tv-selskapa prøvde til og med å intervje oss gjestane ved hotellet, men det likte hotell eigaren lite, og me slapp fint unda. Me skulle jo tross alt være der i 6 daga til, så å komme på kant med hotelleigaren, var neppe det me ville.

Men uansett, her er nokre bilde frå turen eg var på no:

Published in: on January 27, 2010 at 11:05 pm  Leave a Comment  

Ny kampanje!

Lerum har starta ei ny kampanje: Lev lettare med lerum.

Gå inn på linken for å være med i konkuranse der du kan vinne eit opphald på vesterland.

http://www.levlettaremedlerum.no/

Published in: on January 14, 2010 at 12:14 pm  Leave a Comment  

JUL :)

No er det endeleg jul igjen, kalender, pakkar, gløgg, kaker, snø osv 😀

Lyst på julegløgg? Her er ei god oppskrift for både store og små. Ha ei fin førjulstid!

 

http://www.lerum.no/OmLerum/Kampanje/tabid/2193/smid/4687/ArticleID/10541/reftab/240/Default.aspx

Published in: on December 1, 2009 at 7:12 pm  Leave a Comment  

Filmproduksjon :D

I ein liten periode på skulen no har vi jobba med filmproduksjon, dette har vore veldig interresant. Fredag den 27.11.09 hadde vi fagdag, då skulle vi for alvor i elden. Me starta egentleg med kveldundervisning kvelden før, den 26.11.09. Då hadde Johny eit opplegg med oss der han sa kva vi bured fokusere på når me skulle til å filme. På fredagen vart det satt av litt tid til planlegging av dagen, før mi gruppe satte fart mot campus, der me okkuperte lysrommet, som me brukte som studio. Mi gruppe hadde mennekserettserklering 19 som utgangspunkt og tema. Det me ville få fram var at alle mennesker skal ha rettogheit til å snakke fritt.

Artikkel 18, 19 og 20 i FNs Menneskerettighetserklæring omhandler spesifikt retten til ytringsfrihet:

Me tok utgangspunkt i erklæring 19:

Artikkel 19 – Enhver har rett til menings- og ytringsfrihet. Denne rett omfatter frihet til å hevde meninger uten innblanding og til å søke, motta og meddele opplysninger og ideer gjennom ethvert meddelelsesmiddel og uten hensyn til landegrenser.

Filminga:

Vår plan for filmen var at me skulle finne mange personar, desse personane skulle sei eit ord kvar. (av orda i erklæringa). Me ville også ha ein hovudperson som byrja filmen med å vise at ho ikkje hadde mulegheit til på snakke. Dette fekk me fram ved at me teipa munn hennar, og på slutten, etter at erklæringa hadde vorten lest opp, skulle teipen sprekke og ho skulle ha mulegheit til å snakke–> være fri.

Me jobba veldig bra saman i gruppa og var effektive, noko me trengte for å filme alt dette på ein dag og i tillegg skal redigere var ikkje lett. Me gjekk ut på gangen for å samle folk, og me var veldig heldige som kunne finna så mange som me gjore. Sjølv om me var missnøgd med innsatsen til dei mannlege skodespelarane(fåe som ville være med) var vi særs takknemlege for dei som stilte opp. Det var mykje latter og liv i gruppa, noko som gjore til at alt gjekk mykje lettare. Me brukte nesten heile dagen på å filme, men tykte me hadde gjort ein bra jobb med kamera stilling og lyd. Me fekk personane der me ville i bilde, og alle klippa var ganske like.

Redigering:

Når me skulle sette oss ned å redigere oppdaga me at dette kom til å bli meir komplisert enn ka vi hadde trudd. Det var ikkje lett å skilje ut orda som  “å, og, har”, sidan desse hans som regel på dei neste orda. Me vart ikkje ferdige denne fredagen og fekk difor flytta fristen for innlevering til tirsdag. Dette gjore til at me måtte samlast i helga, sidan me alle egentleg hadde plana i helga og bur eit stykke ifra kvarandre, var det vanskeleg å samle alle. Men dei fleste kom, noko som var kjempe bra. Me brukte søndagskvelden og mandags kvelden på å redigere ferdigt slik at me fekk levert tirsdag.

Min meining:

Eg var veldig nøgd med personane eg var på gruppe med, me fungerte veldig bra saman, og alle var lika målretta, noko som gjore til at arbeidet ikkje var eit slikt, men noko artigt og sosialt me fekk gjort saman. Sjølv om me til tide måtte sukke litt å vere litt oppgitte, var det artigt, me styrke kvarandre opp og fekk fullført arbeidet vårt.

temaet me hadde valgt var veldig spennande, sidan dette er noko som røre folk, bodskapet fekk me fint fram. Og sjølve handlinga i filmen vart veldig bra.

Eg er kjempe nøgd:D

 

Published in: on December 1, 2009 at 7:07 pm  Leave a Comment  

Min medieopplevelse

Det er mykje ein kan trekke inn når ein skal snakke om medieopplevelse. Men den eine tingen som fekk meg til å undre litt på oppgåva media har i samfunnet, var kysset til Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie.

Etter at dei viste seg offentleg og kyssa foran kamera har det vorte mykje oppstyr, alle skal ha ein meining og offentleg gjer den. Kommentarane har vore både positive og negative. Men poenget er egentleg, kvifor vert det så mykje oppstyr av at to personar viser litt kjærleik? Er dette normalt, at ein ikkje kan kysse på open gate? Framsida til VG var dekt av dette kysset berre nokre minuttar etter at det var utført, då var det ikkje lenger like nøye å informere om alle som dør rundt om i verda og alle katastrofane. For dette kysset var jo mykje viktigare enn eit barn som vart skutt. Det seier litt om kva medie fokuserar på, når slike saker kjem før ting som rystar heile verda.

Skal ein måtte sjå seg bak skuldra før man viser følelsar offentleg?

Published in: on December 1, 2009 at 6:44 pm  Leave a Comment  

Informasjonskampansje-Eshowe

Den 14.09.09 hadde me informasjonskampanje om Eshowe. Dette gjore me for at elevane på Sogndal vgs skulle få litt innblikk i kva me brukte pengane me får samla inn på “arbeidsdagen” til. Elevane tok dette positivt og dei fleste møtte opp.

Eg var i gruppa som jobba med korleis me skulle få dette til å gå på ein dag, altså informasjonskampanjen. Me planla alt og sette forskjellige klassar inn ette korleis deira timeplan passa. Sidan det var nokre klassar som hadde prøve, vart dette litt komplisert. Men tråss alt strevet me å få alt til å fungere på ein dag, klarte me oss ganske fint. Me var effektive og fekk dette til(i prinsioppet). Ufordringane me møtte kom egentleg ikkje før informasjonsdagen. Då var det nokre klassar som ikkje møtte opp, pga dårleg informasjon frå lærar til elev, dei viste ikkje at dei skulle møte.  Sidan dette skjedde måtte me finna ein anna dag, der me kunne presse dei elevane som ikkje hadde fått informasjon inn. Sjølv om det vart litt stressande og uforsigbart gjekk det greit. Me var sjølv veldig nøgd med jobben me hadde gjort, og informasjon som vart gitt.

Tenk me hove, hjelp Eshowe, gjer ein forskjell! 😀

Published in: on December 1, 2009 at 6:32 pm  Leave a Comment  

SP-bilde

Published in: on December 1, 2009 at 6:25 pm  Leave a Comment  

Mediehistorie

 

November 8, 2009 by camlerum

Eg vil skrive litt om korleis Gutenberg fekk framboktrykkjarkunsten og kva slags endringar den gjore i samfunnet.

I mediemøte 2 skriv Totland m. fl at boktrykkjarkunsten kom i 1450, og vart utvikla av Johann Gutenberg. Trykkpressa hadde føreløpar andre stadar i verda. Boktrykkjarkunsten førte til store samfunnsendringar i europeisk samanheng. Det var på ein måte slik mediehistoria byrja. Det var enkel teknikk, noko som gjore til at fleire vart sysselsette. ”Trykkjeria tente ein enorm mengde pengar, dette førte til at mange vart sysselsett som boktrykkjarar.” (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/).

Kunnskapen som før berre hadde nådd ut til eit fåtal av folka, og kom no ut til fleire som kunne få tilgang på diverse informasjon. Religionen hadde ein stor plass i samfunnet på den tida, noko som gjore til at den fyrste boka Gutenberg trykka var bibelen. Avisene vart også veldig sentrale på denna tida, fleire var interreserte i å vite kva som skjedde rundt dei. ”Berre i Storbritannia vart det i 1792 over 15 millionar aviser.” (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/). ”Avisene var ikkje berre eit resultat av samfunnsutviklinga, dei var på mange måtar også ein føresetnad for kommunikasjonssystemet, som gjorde prosessar som den industrielle revolusjonen, utviklinga av nasjonalstaten og kolonialismen mogleg”. (Asbjørnsen m.f 2007, s 131).

 

Kildeliste:
Asbjørmsen m.fl (2007): Mediemøte 2. Aschehoug.  Karl H. Flyum (2003): Bare må ha den oppskriften-fort!. (http://trykkerevolusjonen.blogspot.com/).

 

Refleksjon:

Det eg tykte var vanskeleg med denne teksten, var å få den viktigaste informasjonen fram ved å skrive veldig lite og itillegg skulle få med kildehenvisning til kvar strofe. Sidan dette var første gang eg skreiv ei femavsnitts skisse, tykte eg det var litt vanskeleg, sidan det var så mange forskjellige ting man måtte forholde seg til. Men på ei anna side, så er det jo kjekt å vite at etter eg har gjort dette nokre ganger så sit eg att med god kunnskap om korleis man skriv ei femavsnitts skisse.

Eg tykjer kildene eg har nytta er pålitlege, mykje grunna at eg har brukt læreboka me har på skulen og så stolar eg såpass på kildene, sidan det faktisk er denne boka me bruker til å lære oss kva som er riktig informasjon. Internett kan være verre å forholde seg til, men informasjon eg fannd er, sjekka eg opp mot det somvar skrive i læreboka.



 

Published in: on November 9, 2009 at 9:22 am  Leave a Comment